Herre min Hatt .. efjell. Det er jo moro å sjå på utsikten på bremmen. Men, her må ein ikkje gløyme å koma seg lengere bakpå hatten. Eller på berget, som det er det. Ofte har ein postkassa, som mål. Som eg sjølv har gjort mange gonger. Det er like så fint og trollsk baketter. Kanskje, mest under solnedgang når lyset skin inn i barskogen og på bergknattar. Så utruleg fint. Bakgrunnsteppe i Nord-Skorve og Ordalsåta hjelper og godt. Hattefjell bør opplevast på ein ny måte. Frampå, så bak etter. Med ei lita endring i turløypa, så kan ein gå på same turane mange gonger og likevel sjå nye ting. Det er omlag 2,3 km opp med ei stigning på heile 580 meter får blodpompa til å gå. Beregn 2-3 timar inkl tid på toppen.