Frå Tosand til To på gamle kløvvegar. På stiar i steile liar og urskog. Nede frå vegen og oppetter er bratt. Voldsomt bratt. 430 høgdemeter på 2,5 km er drøyt, men ufatteleg moro. Når skogen er gamal og dett av seg sjølv, så føler ein naturen på kroppen. Her er det flotte gamle murvegar på enkelte stader. Ein må sjå og leite. Kikke og lytte. Fossane som kastar seg ut over kantane, er fulle nå. Lindalsbekken forgreinar seg fleire gonger oppi her. Om du går inn der møsen heng på berget, som ragget på ei geit. Så, finn du den flottaste av dei alle. Denne kan ein til og med gå bakom, om ein tør. Midt oppe i lia finn og ein tuftene av Skaret. Den gamle husmannsplassen, der murane står att. Det stend store grantre midt oppe i husmurane, så det er ei stund sida det budde folk her. Oppe på To er det store beiteområde. Her kan ein og gå vidare mot Reinstaul (Bjørgefjell) eller mot Vefall.