Ein Gryvle. Fleire Gryvlur. Alle Gryvlun. Her er det mange av dei og her bles det frå alle kantar. Ikkje lett å finne ly for vinden oppi her. Men, det er umåteleg fint her. Teppelandskap mellom taggute tindar og visuelle bergryggar, med utsikt mot flata innover mot Svain. Nabo til Fyljomsnuten med Svafjellet og Brattefjell lagvis baketter. Rett over dalen ser ein Vålånut. I andre retningen Grunnarstaulnut med Rust (Brenderustfjellet) bakom. Eg gjekk frå Sletteva og opp på framsida mot Kasleroi. Så opp lia til Djupedokk. Derfrå på ryggen oppetter med blikket på den største Gryvla. Oppe på toppen er det tindar og taggar. Moro med slike toppar. Ikkje så manga av dei her i kommunen. Det bles og regna, så eg gjekk vidare ned på andre sida retning Snofonnskar. Fant ein fin teltplass med utsikt. På 1100 moh. Neste dag kom soli fram. Varmt, eller halvvarmt uten regn. Gjekk ned lia forbi den fine lille hytta i Djupedokk mot Geitenuten. Nede på avstikkaren av Heiåivegen var 1 km til bilen ved kjettingbommen. Dette var min fyste telt-overnatting på lenge. Veldig moro å bera på tung sekk! 12,5 km lengde og 485 høgdemeter.