← Turtips
Rakkenetten inn mot verneområdet i Brattefjell er vel ikkje så ofte besøkt av folk. Dei held seg under 1000 moh og er nok ikkje nokon topptur. Men, dette er eit kjempeartig område. Mykje opp og ned. Nutar, nettar og piggar er morosamt å gå i. God utsikt mot Gaustatoppen og ellers heile dalføre mot Svain. Litt vind, så då er det ok å leite etter le i bakkane under toppane. Rypene er fortsatt kvite, om nokon skulle lure på det.
Hans Inge Hagen