Markji - langs Kivleåi
Det er så mange fine skogsturar ein kan gå her i området. Ein av dei flottaste, er oppetter den gamle ferdselsvegen langs Kivleåi. Her gjekk dei, når dei skulle til kyrkje, før i tida. Og som helsesyster Gunhild gjer nå om dagen, for å gå på jobb nede i bygdi. Du kan gå frå Prestegarden og opp via Harthol eller du kan gå fra Åsheimgrendi - ned ved den raude garasjen. Du må følge merkinga, så kjem du inn på vegen like under Høgås. Den gjeng oppover langs fantastisk natur og passerer Jaranbrekki. Videre opp til Sandbrauti, før du kjem til Marki. Til slutt gjeng du gjennom Åmog og opp til Kivledalen. Der snur du eller så kan du gå nedsatt Venås eller vegen til Åsheimgrendi, att. Makan til natur i nærområdet skal du leite lenge etter. Fred og ro. Kvitter og bekkebrus.